Til Bestilling

 

 

 

Arkitekt Ingar Dalen og Thorstein Berg med prisen, sammen med Solveig Vestenfor, ordfører i Ål kommune til høyre og formann i byggeskikk-nemnda Lise Laa til venstre

 

 
 

 

JURYENS BEGRUNNELSE FOR BYGGESKIKKPRISEN

Byggeskikknemnda i Ål kommune gir Byggeskikkprisen 2018 til hovudbygget i Hallingdal Feriepark, ikkje nødvendigivis fordi bygget kan seiast å harmonera med lokal byggeskikk, men heller fordi den skulpturelle forma fangar merksemd på ein positiv måte. Førsteinntrykket representerer velkomst, kvalitet og forventning om noko meir enn ein campingplass. Bygget har flatt tak, men skråstavane som støttar takkonstruksjonen gir assosiasjonar til saltak som spegling av lokal byggeskikk.

 

 


Bygget ligg på ei utfordrande tomt nær elva, med store høgdeforskjellar. Frå elveside har bygget to etasjar, men fasaden er oppdelt i ulike materialar og er delvis inntrekt under tak og veranda, og bygget er vinkla som ein imøtekomande innersving. Dette dempar høgde- og lengdeverknaden langs elva.

 


Vestfasaden framstår som eit lågt og breitt bygg, med hovudinngangen midt på. Til venstre for ingangen står bygget som ein traust og tung «kloss», trygt forankra på land. Mot høgre spelar fasaden opp til visuell dans; der taket trippar i lette steg langs glasfasaden og endar i eit luftig svev i møte med zip-line og elv, medan fundamentet bokstavleg talt trappar seg nedover i terrenget som eit amfi mot elvebreidda. Samanhangen mellom innhald, funksjon, form og omgjevnader er løyst på ein glimrande måte, til glede i kvardag og fest heile året for ålingar, gjester og forbipasserande langs veg, jernbane og elvesti.

 

 


Hovudbygget er forma av DBC Arkitektur AS ved Ingar Dalen og Ola Haug Hagen, på oppdrag frå Hallingdal Feriepark Eiendom AS ved Thorstein berg. Arkitektane har henta inspirasjon frå Skarvet - ein markant formasjon som hevar seg over ei slette. Hovudbygget osar av spenst og eleganse i enkle grep, i ein lågmælt og balansert tone som ikje verkar påtrengande eller prangande. retta mot publikum vekkjer utforminga nyfiken interesse og framstår som forlokkande og tiltrekkjande. Bygget representerer noko vågalt og velluka!

 

 


Stort oppslag i Halingdølen lørdag 15/12

 

 
 

Hallingdal Feriepark AS | Adresse: Myrovegen 15, 3570 Ål | Telefon: 32 69 92 00 | E-post: post@feriepark.no